- Da er eigentleg berre å køyre på, avslutta Morthen i sitt innlegg.  Ho valde å fokusere på moglegheitene i ei næring i vekst.  Mellom anna er verdien av frukt- og bærproduksjonen i Sogn og Fjordane femdobla frå 20 millionar i 2002 til kring 100 millionar i 2017.  - Det kjem ikkje av seg sjølv, men gjennom eit målretta arbeid der produsentar, styresmakter, FoU-aktørar  og marknadsaktørar samarbeider om å få meir norske varer ut i marknaden, held Morthen fram. 

Framover ser ho store moglegheiter innan mellom anna produksjon av eple.  Det vil vere mogleg å doble produksjonen av eple innan få år.  Skal vi få til dette treng vi samhandling mellom mange for å finne sortar som eignar seg for norsk produksjon og som forbrukaren verkeleg likar og vil kjøpe.  Vi er mellom anna på jakt etter eit godt gult eple.  Det er også eit ynskje å finne sortar som kan gje oss ein lenger norsk sesong for norske eple. - SIst, men ikkje minst så treng vi sjølvsagt dei dyktige personane som vil satse på eple og vere med  oss på laget, seier ein oppglødd og optimistisk direktør.

Ho minna også om at all verdens nødvendig teknologisk utvikling ikkje kan slå høgteknologien i naturen.  - Vi treng biene !

Her finn du Morthen sitt innlegg på AgroNordVest i Loen