Sidan oppstart i 2007, har Utkant festivalen blitt ein kjent og kjær festival i Gulen. Få scener kan skilte med ein meir spektakulær solnedgang som bakgrunn, og stemninga er kjent for å vere god.

I tillegg til musikk, stemning og omgivnadar, er mat og drikke alltid ein viktig del av ein festival. Bente og Bjarte Nordanger hjå Sande Gardsmat har den siste tida hatt det travelt med å produsere kalveburger til festivalen. - Vi har levert 4000 burgerar til festivalen, så her har det gått unna i produksjonslokala våra siste tida, fortel Bente Giæver Nordanger då vi snakka med ho i førekant av festivalen. - I tillegg produsera vi eit reservelager i tilfelle festivalen går tom.

Bente G. Nordanger med ferdig kalveburger.

Sande Gardsmat har levert burger til Utkant fleire gonger, både for sal til deltakarane og som backstage-mat til artistane og dei frivillige. - Vi er veldig glade og stolte for at Utkant og Skjerjehamn har valt oss som leverandør, seier Nordanger.

Burgeroppskrifta kjem opprinneleg frå niesa deira, men har blitt modifisert og tilpassa med åra. Niesa deira, Ingvild Skorpen Bøge, eig og driv restauranten Spisekroken i Bergen, og det var ho som sette dei på ideen med å vidareforedle og selje kalvekjøt direkte frå garden. Saman har dei kome fram til fleire gode produkt, og kokeboka "Kalv" har blitt til som fylgje av samarbeidet mellom kokkane på Spisekroken og Sande Gardsmat. Ingvild Skorpen Bøge var òg den første til å bli valt som Bondelagskokk i 2003.

Bjarte Nordanger i sving med ein ny porsjon.

I tillegg til å lage kalveburgerar, sel dei kalv i stykningsdelar, egg, silt yoghurt, rabarbrasyltetøy og ramsløkpuré. Sande Gardsmat leverar til REKO-ringen i Bergensområdet, har eige utsal på garden og avtalar med butikkar og restaurantar. Dette er ei nisjenæring dei har bygd opp ved sida av mjølk- og kjøttproduksjon, og dei skryt over eit godt smarbeid med Nortura og Tine som har hjelpt dei godt på veg.  - Det er veldig motiverande og givande å finne nye produkt og satsingsområde. Vi er heldigvis to om arbeidet, men vi har kanskje litt problem med å seie nei til kjekke ting så då ballar det fort litt på seg og blir travelt, ler Nordanger.

Unike konsertomgivnadar på Utkant festivalen.