Dette er starten på eit brev som seniorrådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving, Kolbjørn Taklo har skrive.  Brevet vert sendt ut til alle bønder i fylket saman med søknadsskjema for regionalt Miljøprogram.  - Det er viktig å bry seg, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde, som tok initiativ til eit møte med Taklo der spørsmål som vedkjem bondevelferd og dyrevelferd vart drøfta.  Konklusjonen vart at ein mellom anna vil sende ut dette brevet til alle bønder i fylket seier Felde.  

I brevet heiter det vidare:  Psykisk helse viser ikkje utanpå. Vi kan alle ha store plager inne i oss, men ingen andre treng vite noko som helst, og vi svarar «takk berre bra».

 I landbruket arbeider mange åleine med høgt press og mykje ansvar for avling og store buskapar som skal ha dagleg stell, mat og tilsyn. Når den psykiske helsa sviktar, kan det gå utover det daglege dyrestellet. Då hopar det seg fort opp, og kan ende i  tragedie, både for folk og dyr, smurt utover framsidene i avisene. Når slikt kjem fram, syner det seg i nokre tilfelle at mange har visst at det ikkje stod så bra til, at eit eller anna var gale, utan å gjere noko.

Kva kan gjerast for å sikre ei god psykisk helse i landbruket?

  • Alle treng avlasting, ferie og fritid innimellom – sørg for å ha avløysar eller reserve på hand.

    Vi er alle menneske og medmenneske, og veit dermed mykje om det. Spør korleis andre har det, gje deg tid til å lytte og støtte når svaret er at det ikkje er så bra. Vi kjenner og oss sjølve – og veit at alle treng nokon som bryr segom oss -ha i alle fall ein ven du kan snakke med når du treng hjelp til å kome ut av negative tankespiralar, eller til å sorterer tankane.

  • Ta kontakt dersom du trur det er noko som ikkje er heilt bra. Ville ikkje du sett pris på om andre tok kontakt om dei såg at du streva med noko?

  • Landbruket i Noreg er sterkt organisert, med fagorganisasjonar, tillitsvalde og eit stort rådgjevingsapparat. Alle desse er ditt kontaktnett- ditt støtteapparat, dei er alle menneske som du kan snakke med.

  • Norsk landbruksrådgjeving- HMS har gjennom samarbeid med regionale bedriftshelsetenester eit gratis tilbod om krisehjelp til heile landbruket.  Dette er kvalifisert psykisk førstehjelp og førebygging, og kan vere ein stad å starte dersom du strevar sjølv, eller kjenner nokon som treng hjelp. Ta gjerne kontakt:

    Stamina Førde, bedriftshelse   415 12 373

    Bedriftshelse 1 Sogndal/ Stryn  57 67 90 60/57 87 19 44

    Du kan og ta opp spørsmål om psykisk helse med fastlegen og helsetenesta i din eigen kommune.

  • Les meir om psykisk helse i landbruket på www.godtbondevett.no

    Med von om ein god sommar!

     

    Kolbjørn Taklo,   913 96 560

    -seniorrådgivar HMS-