I vassregion Sogn og Fjordane vert det jobba for å finne fram til kva utfordringar ein har i høve til vassrammedirektivet og målet om at alt vatn skal ha ein god kjemisk og økologisk kvalitet innan 2021. -Datagrunnlaget er framleis mangelfullt, men eg meiner det er viktig at grunneigarar kjenner til kva registreringar som er gjort i deira nærområde, seier Anita Sæther ved fylkeskontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. Databasen Vann-Nett er open for ålmenta, og der får ein innsyn i kva registreringar som er gjort for kvar einskild innsjø, deler av vassdrag, grunnvatn og kystforekomstar. Når du skal sjekke ein bestemt vassførekomst gjer du slik:

  • Gå inn på nettsida www.vann-nett.no
  • Klikk på arkfana "Faktaark vannforekomst"
  • Du får opp eit søkjefelt. Skriv inn namn på vatnet, elva eller fjorden du ønskjer å undersøkje.
  • Klikk på "Søk" knappen.
  • Det kjem opp ei liste med treff, klikk på det som er aktuelt.

Grunneigarar sit inne med store lokale kunnskapar, og eg meiner ein bør undersøkje om ein kjenner seg att i dei karakteriseringane som vert gjort, seier Sæther. Der vasskvaliteten ikkje held mål vil det verte utarbeidd tiltaksanalysar, basert på dei data som ligg føre. Om ein treng hjelp til å undersøkje ein bestemt vassførekomst i "Vann-nett", er det berre å ta kontakt, oppmodar Anita Sæther.

I arbeidet med vassrammedirektivet skal alt vatn klassifiserast.