LANDBRUKSSJEF I GLOPPEN KOMMUNE: Trine Alme.

 

- Koronasituasjonen har skapt endringar. Største skilnadane er at eg sit på heimekontor, fysiske møter har blitt til skype-møter og synfaringar har ikkje vore mogeleg å gjennomføre. 

Det seier Trine Alme, landbrukssjef i Gloppen kommune. Ho fortel at det har vore fleire telefonar enn vanleg frå bøndene under koronakrisa.

- Mange er opptekne av korleis det blir med avløysarar frå andre land og sesongarbeidarar. Det har vore tema som fleire har teke opp.

 

Set pris på god informasjon

- Me har hatt god nytte av Bondelaget, NLR, TINE, Nortura og fruktlageret i denne spesielle tida.

Alme fortel at alle har kome med masse informasjon, og at at det har vore til stor hjelp.

- Sjølv om koronasituasjonen skapar endringar har eg klart å utføre jobben min avsluttar ho.