Stortingsrepresentantane Erling Sande, Sp og Bjørn Lødemel, H innleia til debatt om Stortingsmeldinga på møte på Sandane sist veke. Erling Sande presenterte regjeringa sitt forslag til Landbruksmelding og Bjørn Lødemel  opponerte mot den. 

Erling Sande grunngav trongen for ein auka norsk matproduksjon med mellom anna følgjande: I dag har 1 milliard menneske ikkje nok mat. Klimaendringane vil gje meir ustabile matprisar på verdsmarknaden. Vi må med utgangspunkt i dette auke matlager og matberedskap. Vi må kunne auke produksjonen av frukt og bær og for husdyrproduksjonen må auken baserast på vår god dyrehelse og dyreetikk. 

Nokre tiltak for å nå måla:

- Større landbrukspolitisk fridom for fylkeskommunen og regionalledd for betre å kunne tilpasse økonomiske virkemiddel til produksjon og innteksdanning. Vi er i utgangspunktet for husdyrproduksjon på importert kraftfor, dette er betre enn om denne produksjonen er i utlandet og så importerer vi den til oss. Ei sak der organiasjonane i landbruket må ta større ansvar er rekrutteringstiltak for ungdom til landbruksnæringa - her manglar regjeringa så langt ein god nok samlande politikk. WTO vil framleis gje oss rammer, men vi arbeider for at matproduksjon må ha eit større vern mot liberalisert handel enn det er for andre forbruksvarer.  - Føresetnaden for å få til ein auka norsk matprodusjon er eit levedyktig landbruk over heile landet, basert mest mogleg på norske ressursar og den norske samfunnmodellen, med jordbruksavtale og marknadsregulering gjennom landbrukssamvirket. I tillegg eit sterkare jordvern. Han meinte at grunnlaget for dette er tilstades og synte til ei aukande inntekt til bonden med ca kr.100.000,- frå 2002-2012 og at produksjon av lokal mat har auka med 13% siste år. Men han stadfesta at inntektsgapet til andre lønnsgrupper framleis er for stort.

Bjørn Lødemel var einig i bakteppet i Sande sin informasjon, når det galdt trong for auka matproduksjon, men var ueinig i verkedmiddel bruken for å nå det landbrukspolitiske målet:  Han viste til ein for stor nedlegging av gardsbruk i den raud/grøne regjeringsperioden, der dette også galdt større mjølkeproduksjonsbruk, og skulda her på regjeringa sin manglande politikk i høve dette. Han hevda elles at det er for mange gardsbruk som vert lagde ned på grunn av for restriktiv praktisering av bu - og driveplikta, der dette lovverket ikkje er godt nok tilpassa tida i dag. Det er også for mykje bruk av prisregulering ved omsetning av landbrukeigedomar. Kvifor kan ikkje ein kapitalsterk person få kjøpe seg ein gard til marknadspris. Og det er urimeleg at ein bonde som har opparbeida verdiar på eit gardsbruk ikkje skal kunne ta ut denne verdien ved sal av eigedomen. Til Sande sin presentasjon av inntektsveksten til bonden meinte han den må korrigerast for ein større kostnadsvekst. Han var også sterket kritisk til økonomien for bygdenæringa småkraft då det kostar kr. 30.000,- for å integrere denne produksjonen i det grøne sertifikatmarknaden. 

 Nokre tiltak for å nå måla:  Sikre inntekstsgrunnlaget til bonden gjennom reduksjon av skattar, avgifter og statleg byråkrati og gjennom det kunne rettferdigjere å redusere noko av overføringane av budsjettmidlar over jordbruksavtalen. Vidare hadde han forslag om å etablere investeringsfond, fjerne formueskatten og endre avskrivingsreglane for faste driftsmiddel, og gjennom det legge til rette for å styrkje bonden sin driftsøkonomi. Landbrukssamvirket er viktig, men det treng korreksjon og konkuranse og vi vil følgje opp at dette skjer.

I den etterføjande debatten var mellom anna følgjande tema oppe:  

- Auka norsk kornproduksjon må ikkje føre til auka kraftforpris. Her må gjeldande kanaliseringspolitikk og prisnedskriving på korn ligge fast. - Er skeptisk til at kapitalsterke personar skal kunne kjøpe opp gardsbruk, der hovudformålet er å nytte godar som jakt og fiske og ikkje produsere mat

- Vi må få på plass meir budsjettmidlar gjennom jordbruksavtalen for å demme opp for dårleg konkurransekraft i primærproduksjon og foredling. Vi har i dag ein for stor osteimport som følgje av dette.

- Frislepp av prisen på landbrukseigedommar kan føre til for høg kostand  på eigedomen ved eigarskifte. 

- Distriktsjordbruket skal prioriterat seier meldinga, og soneinndelinga for tilskotsomfang knytt til jordbruksavtalen vil her vere sental for å nå dette målet. Eventuelt må soneinndelinga forbetrast og gjevast større distriktsprofil enn i dag.

- Bygdenæringar er eit samleomgrep for tilleggsnæringar i Landbruksmeldinga, og skal spesielt legge til rette for å styrkje distriktsjordbruket og næringssvake landbruksområde. Men når desse næringane berre skal skal baserast på marknadsinntekter, vil ikkje det i større grad stimulere til etablering av tillegsnæringar på gardsbruk rundt dei store befolkningsområda.

- Forbruket av kjøtt bør ned, når dette delvis vert baserat på importet kraftfor frå u- land.  I min barndom hadde vi kjøt ein gong i veka. Det er også nødvendig med eit sterkare dyreveromsyn i husdyrproduksjonen

- Vi må få eit mykje sterkar jordvern i kommunane. Kvifor ikkje eit krav om at; tek ein eit da god matjord til utbygging må utbyggjar skaffe to nye da med oppdyrka jord. 

- Landbrukssamvirket må utviklast vidare og gjevast gode nok økonomiske rammer framover for å kunne greie oppgåva si.

I oppsummeringa etter debatten kommenterte Sande mellom anna at regjeringa no skrur meir att moglegheita som mellom anna  vegevesent har til å legge ny veg på dyrka mark, men at dette framleis må avvegast mot andre omsyn. Lødemel peika mellom anna på at han ikkje er redd at ein kjøpesterk kapitalist overtek eit elles nedlagd gardsbruk. Ein slik person vil også kunne legge att pengar i kulturelle tilbod i bygda.