Styringsgruppa godkjente sist veke  sluttrapporten i prosjektet Kompetansesenter for landbrukssenter.  Sogn og Fjordane Bondelag har vore representert i styringsgruppa med Ole-Ivar Åm Sognnes og seinare ved Ole Bjarne Hovland.  

Gjennom det 3-årige prosjektet «Kompetansesenter for landbrukssertifisering» ved Mo og Øyrane vidaregåande skule, har ein utvikla Mo kurssenter. Mo kurssenter tilbyr alle kurs og sertifiseringar det er krav om i næringa.

Før prosjektstart i 2017 hadde Mo og Øyrane vgs. tilbod om autorisasjonskurs i plantevern, godkjenningskurs i bruk av motorsag, traktorkurs, grindverkskurs og foredlingskurs. Gjennom prosjektperioden har ein utvikla og gjennomført 10 ulike kurs innanfor sertifisering og dokumentert opplæring i. Nokre av kursa er gjennomførte fleire gonger, slik at det totale deltakartalet på desse kursa er 298. Det er også utvikla to andre kurs der kursdeltakarane har fått utskrive vanlege kursbevis.

I tillegg er det arrangert fleire kurs som var utvikla før prosjektet vart igangsett, slik at den totale kursaktiviteten i prosjektperioden er på 61 korte kurs, med totalt 859 kursdeltakarar. I tillegg kjem 43 oppkøyringar på truck og masseforflyttingsmaskiner.    Det er utvikla ein eigen logo og bygd opp ein database for utskriving av dokumentert opplæring på plastkortskrivar. I databasen er det registrert 398 deltakarar, som også inkludera ordinære agronomar/vaksenagronomar.

Kursa har fått gode tilbakemeldingar, både på dei ulike evalueringane og frå samarbeidspartar i prosjektet. Kompetansesenteret har gitt synergieffektar i form av utleige av møtelokale, matservering og overnatting. Samarbeidspartane har gjensidig bidratt med marknadsføring. Prosjektet har hatt positive miljø- og rekrutteringseffektar for skulen, ved at vaksne har vore ein integrert del av skulemiljøet i periodar. Kurssenteret har også bidratt til eit tettare samarbeid mellom næringsliv og skule.  Mo kurssenter blir vidareført gjennom oppdragsundervisning ved Mo og Øyrane vgs. etter prosjektslutt.

På det avsluttande møtet i styringsgruppa deltok  f.v. Kolbjørn Taklo NLR, Knut Vebjørnsen prosjektleiar, Ivar Johan Aaberg Mo og Øyrane Videregåande Skule og Vidar Nyland Bonde og småbrukarlaget.  Sist nemnde var reist før fotografen Ole Bjarne Hovland, som representerte Sogn og Fjordane Bondelag i møtet rakk å ta biletet.

KURSTILBOD MO og Øyrane vgs