Fylkesleiar Sogn og Fjordane Bondelag: Anders Felde.

 

Når mange kommunar i desse dagar førebur samanslåing til nye og større einingar, har politikarane og administrasjonane unike moglegheiter til å rigge kommunar som kan ta sterkare grep om utviklingsdelen i sitt arbeid.

Det held ikkje å ha kommunar som berre er opptekne av å utføre lovpålagte oppgåver. Uansett kor ein snur og vender på det vil det å utvikle eksisterande arbeidsplassar, samt legge grunnlag for utvikling av nye arbeidsplassar vere avgjerande for verdiskapinga og busetjinga i dei nye kommunane. 

Landbruket er ei stor næring i mange av dei nye kommunane.  Sunnfjord, til dømes, vil verte ein av dei største landbrukskommunar i landet når det gjeld husdyrproduksjon.   Det er viktig at ein klarar å få sett saman oppegåande administrative einingar på landbruk i kommunane.  Einingar som gjennom sin kompetanse ikkje fokuserer berre på lover og reglar, men som har kunnskap og engasjement for å utvikle landbruket. Det held ikkje å bevare det landbruket vi har i dag, ein treng utvikling for å sikre verdiskapinga inn i framtida. Utviklinga skjer ikkje av seg sjølv og kommunane bør sjå ansvaret dei har for å sikre framtidig verdiskaping. Gjerne ein landbrukssjef i kvar kommune med humør, pågangsmot, kunnskap og handlekraft J

Sjølvsagt handlar det om løyvd økonomi til kommunane og nasjonale prioriteringar, men det handlar også om administrativ og politisk vilje lokalt.

Vi har tru på at fellesnemndene, som arbeider med å legge det politiske og administrative grunnlaget for dei nye kommunane, klarar å sjå kor viktig utviklingskompetansen vil vere for den einskilde kommune, når det gjeld landbruk og andre næringar.