- Det vert fokus på sau og alt som har med sau å gjere, seier Aud Slettehaug.

Ho er fagansvarleg for seminaret og opplegget som vil vera i Bergen i november. No håpar ho at så mange som råd melder seg på, for det vert både lærerikt, inspirerande og kjekt.

- Dette er ikkje berre for bønder. Det høver for alle som driv med foredling av sau, heile næringskjeda av behandlinga av sau og lam, påpeikar Slettehaug som fortel om stor interesse for seminaret.

 

Spennande program

Programmet freistar med namn som mellom anna Magnhild Dyrdal og Anna Haug.

Dyrdal er ei dame mange vil kjenne att frå dokumentaren "Folk ved fjorden". Ho har mellom anna ført tradisjonen for mjølkesyregjæra spekepølser og metodar for speking vidare frå tidlegare generasjonar. 3.november klokka 18.30 er ho i ilden i Bergen.   

Haug har hovudfag og doktorgrad i ernæring frå Universitetet i Oslo. Ho har mellom anna jobba med korleis næringsinnhaldet i landbruksprodukt kan påverkast. 4.november klokka 12.30 snakkar ho om korleis fôr påverkar fettsyrene i kjøtet.  

- Det er eit spennande og bra program, seier Slettehaug.

 

Ynskjer du å sjå heile programmet eller melde deg på  inspirasjon- og fagsamlinga om sau? Klikk  her.