- Du har vore ein sjeldant engasjert og kreativ lokallagsleiar.  Akekveldar og skeiseløp har vore gjennomført i lokallaget med Nes Hejlle som leiar. Scenebygging på Malakoff Rockfesitval har sikra god økonomi i lokallaget med høve til ulike fellesturar.   I tillegg har du alltid medverka til at fylkeslaget har støtta opp om fylkesarrangement og landsdekkande aksjonar, sa Felde.

Helge Melheim tek over som lokallagsleiar og Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer han lukke til med vervet som leiar.  Han tek over eit godt drive lokallag.

Her kan du lese meir om leiarskiftet i Eid Bondelag

Knut Tore Nes Hjelle gjorde så god jobb i lokallaget at dei i 2012 vart kåra til årets lokallag i Norges Bondelag.  Her Knut Tore saman med ordførar i årsmøtet Odd Christian Stenerud.