EID BONDELAG: 26 personar kom på årsmøtet til Eid Bondelag. 

 

På programmet sto det vanlege årsmøtesaker. 

Henriette Sunde frå fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag kom og orienterte om aktuelle saker. Ho fortel om ein optimistisk og engasjert gjeng. 

Maten sto Heggjabygda Bygdekvinnelag for, og dei frammøtte fekk delta på ein Kahoot-quiz.

Det vart også delt ut ein optimistpris, og årets vinnar var Ola Frislid m/familie.   

 

Val

TAKKA AV MED ROSER: Knut Tore Nes Hjelle takka Olav Ronny Melheim for den gode jobben han har gjort i styret til Eid Bondelag. 

 

Knut Tore Nes Hjelle held fram som leiar for laget.

Olav Ronny Mehleim vart takka av etter seks år i styret, og Even Langø kom ny inn som nytt medlem.  

Runar Haugland vart vald til 1.vara, Olav Scott Nord til 2.vara og Arve Dahl til 3.vara.