Førre fredag vart det arrangert klimamøte i stova til Arve Dahl, sauebonde og vara i Eid Bondelag. Her møtte fylkesleiar Anders Felde, lokallagsleiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle, ordførar Alfred Bjørlo og nytilsett miljørådgjevar i Stad kommune, Marte Søreide. Tema for dagen var klima, og meir konkret kva rolle landbruket skal spele i klimapolitikken. Dei viktige spørsmåla handla om korleis kan vi syte for å kutte i klimautsleppa i landbruket samstundes som vi tek vare på norsk matproduksjon og held kulturlandskapet i hevd over heile landet? Kva tiltak kan ein setje i verk på dei ulike gardane i Stad kommune?

Felde orienterte om tiltaka i Landbrukets Klimaplan og korleis landbruket i Stad kan vere ein del av klimaarbeidet. Tilhøyrarane verka positive til klimaplanen og imponerte over arbeidet landbruket skal legge ned for å bli endå meir klimavenlege.

- For oss er det sjølvsagt viktig at dei som bestemme, både i kommunane og regjeringa, tek til seg tiltaka i klimaplanen vi har vore med på å utvikle. Det er viktig at dei ser at dette er tiltak som er fullt gjennomførbare. Dette er tiltak som vil forbetre landbruket vårt, ikkje legge det ned. Det betyr utruleg mykje, ikkje berre for landbruket aleine, men for heile distrikta og ikkje minst for mattryggleiken i Norge, seier Felde.