LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Vi må vedlikehalde elvar som går på eigedomen vår, vi må grøfte slik at vi får auka avlingar og at vi får gjennomføre våronn og slått. Vi må i større grad få frukt og bær under tak. Vi må rett og slett ta hensyn til at nedbøren blir større og kraftigare også på Vestlandet. 

Felde fortalde vidare at auka grøftetilskot i arealsone 5-7 blir løfta inn som eit verkemiddel i årets jordbruksoppgjer. Det er målretta fordi det går til dei som har problem med mykje nedbør, og det er målretta fordi det er dei som har dei høgste kostnadane ved grøfting.

- Dette vil sikre landbruket spesielt på kysten, og dei «skrik» etter tiltak for å sikre framtidig matproduksjon.

 

- Klima og miljø heng saman

- Landbruket vil i den komande fireårsperioden måtte bidra i forhold til utslepp av klimagassar, sjølv om vi driv ein av dei mest klimavenlege matproduksjonane i verda, seier Felde.

Landbruket har ei produksjonsfordeling og distriktsverkemiddel som i gjer at dei areala som kan produsere «høgverdige» produkt som korn, grønnsaker, frukt og bær gjer det. 

- Eg meiner det er på tide å lansere Norges sin miljøvisjon innan matproduksjonen; Verdas lågast utslepp av klimagassar pr. produsert eining. Dette vil vere Norge si gåve til verda sine miljøutfordringar. For å få dette til må politikarane legge vekk alle forslag om avgifter innan eksempelvis raudt kjøt. Då får politikarane, forskarmiljøa, avlsorganisasjonar, faglaga og bonden eit fokus: reduser utsleppa pr eining.

 

Her kan du lese heile talen til fylkesleiar Anders Felde.