Frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet, som står for høyringsdokumanta,  er det lagt opp til at planting av skog som klimatiltak skal kunne setjast i verk frå 2016. I utgangspunktet er dette lagt opp som ei frivilleg ordning om grunneigarar vil plante skog til dette formålet. Derfor meiner Sogn og Fjordane Bondelag at ein del føresetnader må på plass før det vert intessant nok for grunneinar å ta del i dette:

 

Felles dirftsplan for jordbruk- og skogbruksareal

I høyringa vert det lagt opp til at ein skal søke å plante skog på ein beste mogleg bonitet for å få maksimal vekst på skogen som utgangspunkt for eit best mogleg effektivt klimatiltak. I våre område, med relativt sett små skogeigedomar, der mykje av den beste boniteten for planting av gran i utmark er panta til, kan det bli eit press på planting av skog på beiteareal, overflatedyrka jord og dyrbar jord. Vi har også som mål å ta vare på det dyrka arealet for ein framtidig auka norsk matproduksjon.Bondelaget meiner at dette fordrar ein nytt plansystem for garden, der både innmark og utmark inngår for å optimalisere areal til matproduksjon og skogproduksjon for både klima,energi og trevirke. Det vil også vere naturleg at grunneigarar samarbeider om fellestiltak opp mot offentlege planar for dette.

 

Statleg økonomisk stønad

Det må etablerast ei statleg økonomisk stønadsordning der bonden kan få ei årleg utbetaling knytt til skogen sitt livsløp frå planting til hogst, som eit økonomisk supplement til pris på tømmeret når skogen vert hogd.

 

Samarbeid med skuleverket    

I skogreisinga sin aktive periode rett etter krigen, var grunnskulen engasjert i skogplanting. Bondelaget meiner at det no må ligge godt til rette for at skuleverket skal kunne ta del i skogplanting på nytt når dette skal etablerast som eit samfunnsretta klimatiltak. Skulen må kunne gjenomføre dette som ein tidsaktuell og kunnskapsbassert aktivitet. Dette vil også styrke grunneigar sitt utgangspunkt for å ta del i skogplantinga.