LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

-  Over 80% av verdiskapinga og cirka 98% av landbruksarealet i Vestland er knytt til produksjonen av raudt kjøtt og mjølk. Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

I februar presenterte Miljødirektoratet ei utgreiing kalla Klimakur 2030. Den synte korleis Norge kunne innfri sin klimaforpliktelse mellom anna ved å kutte i antal kyr og sau.

- Store delar av Vestland sitt dyrka areal, innmarksbeite og utmarksbeite er kun mogeleg å nytte gjennom beitedyr. Sau, geit og kyr foredlar graset til næring, som me mennesker  kan få i oss. Til dømes får me både mjølk og kjøt, seier Felde.

Dersom Regjeringa vel å gå vidare med dette klimatiltaket kan det få store konsekvensar for Vestland, det syner utgreiinga frå AgriAnalyse.

- Politikarane må ikkje legge kjøttkutt til grunn for det vidare klimaarbeidet. Fleire parti har vore veldig tydelege på at «kjøttkutt» ikkje er svaret på landbruket sitt klimabidrag. Eg etterlyser eit tydeleg signal frå regjeringspartiet Høgre på at dei ikkje legg kjøttkutt til grunn for det vidare klimaarbeidet. Høgre har lange tradisjonar for å kombinere hensynet mellom næringsutvikling, natur og miljø, og det forventar vi at dei også greier i framtida.

 

Berekninga frå AgriAnalyse syner fylgjande konsekvensar for landbruket i Vestland:

  • Sau og lam: I Vestland var det om lag 3600 sauefjøs i 2018. Tiltaket i Klimakur 2030 gjev nedgang tilsvarande ca. 850 sauefjøs i 2030. Dette kjem i tillegg til allereie  forventa nedgang i fylket. Samla sett vil det vere om lag 1400 færre sauefjøs i 2030 i Vestland, samanlikna med 2018.
  • Ammeku: I referansebanen i Klimakur 2030 er det venta ein vekst for ammekyr i fylket tilsvarande ca. 550 fjøs i 2018 til 750 fjøs innan 2030. Skulle regjeringa gå inn for tiltaket i Klimakur 2030 snur dette bilete frå vekst til nedgang, tilsvarande om lag 470 færre ammekufjøs i 2030, i forhold til forventa utvikling i referansebanen.

Utrekninga til AgriAnalyse syner også nedgang på mjølkekyr tilsvarande 1252 driftseiningar frå 2018 til 2030 på landsbasis, men dei har ikkje funne grunnlag til å kunne føreta ein forventa regional fordeling av nedgangen.

Klimakuren er ein del av regjeringa sitt fagrunnlag og skal ligge til grunn når dei seinare i år skal legge fram ei stortingsmelding om norsk klimapolitikk framover.

 

Kan ikkje ete seg ut av klima-utfordringane

- Landbruket sin klimaplan legg opp til like store utsleppskutt som klimakur-rapporten, utan at det vil medføre kutt av deler i norsk matproduksjon.

Felde fortel at dersom regjeringa skulle gå inn for dette tiltaket ser han mørkt på framtida for både sysselsettinga og matproduksjonen i fylket.

- Me kan ikkje ete oss ut av klimutfordringane, men me kan gjere matproduksjonen på ein smartare måte i framtida. Me skal binde meir karbon, samtidig som me reduserer utsleppa frå norsk landbruk. I Landbruket sin klimaplan, som vi presenterte for regjeringa for kort tid tilbake, har vi 8 satsingsområder som skal bidra til like store kutt i utsleppa som det klimakur legg opp til i sine kjøttkutt forslag.