Landbruksmeldinga skapar engasjement blant bøndene i Sogn og Fjordane. 

Etter meldinga kom i starten av desember, har ho vore tema og gjenstand for debatt på fleire regionale og lokale møte i fylket. Næringskomiteèn på Stortinget er i gong med å handsame meldinga, og Bondelaget følgjer arbeidet tett.

Meldinga har vore på høyring i organisasjonen, og frå lokallag og fylkesstyret i Sogn og Fjordane kom det tydelege signal om kva som må til for å sikre framtidig matproduksjon. -Vi har ei ekstra utfordring, og det er at jordbruksinntektene per årsverk i vårt område ligg under snittet for landet elles, seier fylkesleiar Per Hilleren. Fleire lokallag peiker på at ordningane for investeringar ikkje er gode nok til å sikre fornyingane som trengs i driftsapparatet. Andre tema som lokallaga har vore svært opptekne av, er framlegget om å fjerne krav om produksjon, og jordvern. Hilleren er glad for innspela som kom frå lokallaga, og håpar på stort engasjement ved jordbruksforhandlingane til våren.  -Det er klart det handlar om framtida til den einskilde bonden. Men retninga i meldinga har og mykje å seia for forbrukarar og heile bygdesamfunn, avsluttar fylkesleiar Per Hilleren.

Du finn høyringsinnspelet frå Sogn og Fjordane Bondelag her.