Saman med dei andre i fylkesstyret og første vara er han klar for å møte styra i lokallaga på møterunden siste veka i januar 2020.  Til saman skal styremedlemene delta på 10 møte.  Vi reiser to og to saman og har prøvd å fordele oss slik at vi i sum har stor kunnskap om ulike produksjonar og problemstillingar. 

Lokallagsleiaren har fått i oppgåve å melde på samla for heile sitt styre.  - I utgangspunktet er regionmøta for styra i dei lokale Bondelaga og vara til styret, men om du skulle ha spesielle interesser av å delta, så er det berre å kontakte leiaren i ditt lokallag og spørje om det er ok at også du vert med, held Felde fram. 

Møtet i Vik vert eit medlemsmøte, som er ope for alle, då lokallaget der har spurt om dette.   Nedanfor finn du tid og stad for regionmøta.

På agendaen står mange aktuelle landbrukspolitiske og organisatoriske saker.  Hugs å å melde deg på til lokallagsleiaren din innan tysdag 21. januar 2020.