Kjøpte eigen gard
I 2003 kjøpte Marianne Kvalvik Kvamme og mannen gard. No er ho stolt bonde.
- Eg har ei stor interesse for dyr og eg tykkjer det er spennande å jobbe på gard.
Det fortel Marianne Kvalvik Kvamme ,1.vara i Sogn og Fjordane Bondelag. Ho og mannen kjøpte gard i 2003, eit val ho er stolt av.
- Det er ein kjekt å vera bonde.
Garden ligg på Listene i Flora kommune, ein fin stad som trollbandt Kvamme.
- Eg er så glad for me valde å satse her oppe.
Ulike typar dyr
- Me har mellom anna sauer, ammekyr, høner, ender, katt, duer, griser og hestar.
Kvamme har mykje å gjere. Morgonen startar med fjøsstell, ein tur i stallen og foring av dyra. Så går ho attende til huset og gjere unna litt kontorarbeid. Vidare vaskar ho klede, gjere husarbeid og lagar middag. Før ho på nytt går i fjøset og steller med dyra.
Kva er det som motiverer deg?
- Eg likar jobben min og dyra.
Framtida
- Eg veit ikkje korleis framtida blir her oppe, det kjem an på kva regjeringa legg opp til. Det er ikkje råd å spå kva type drift som vert lagt opp til på sikt.
Kvamme og mannen har mellom anna 100 vinterfora sau no, dei slår også 7 gardar.
- Om me skal auke må me byggje nytt. Dessutan har me ikkje kapasitet til å slå så mykje meir heller. Om me skal drive sjølv, har me ikkje meir tid å ta av. Difor vert det spennande å sjå om framtida vil bestå av småbruk eller større bruk. Eg håpar uansett at me vil klare oss.