Marianne Kvalvik Kvamme er glad i dyra sine

 

- Eg har ei stor interesse for dyr og eg tykkjer det er spennande å jobbe på gard.

Det fortel Marianne Kvalvik Kvamme ,1.vara i Sogn og Fjordane Bondelag. Ho og mannen kjøpte gard i 2003, eit val ho er stolt av.  

-  Det er ein kjekt å vera bonde.  

Garden ligg på Listene i Flora kommune, ein fin stad som trollbandt Kvamme.

- Eg er så glad for me valde å satse her oppe. 

 

Ulike typar dyr

Marianne Kvalvik Kvamme heime på garden

 

- Me har mellom anna sauer, ammekyr, høner, ender, katt, duer, griser og hestar.

Kvamme har mykje å gjere. Morgonen startar med fjøsstell, ein tur i stallen og foring av dyra. Så går ho attende til huset og gjere unna litt kontorarbeid. Vidare vaskar ho klede, gjere husarbeid og lagar middag. Før ho på nytt går i fjøset og steller med dyra.  

Kva er det som motiverer deg?

- Eg likar jobben min og dyra. 

 

Framtida

Marianne Kvalvik Kvamme og ein nøgd gris

 

- Eg veit ikkje korleis framtida blir her oppe, det kjem an på kva regjeringa legg opp til. Det er ikkje råd å spå kva type drift som vert lagt opp til på sikt. 

Kvamme og mannen har mellom anna 100 vinterfora sau no, dei slår også 7 gardar.

- Om me skal auke må me byggje nytt. Dessutan har me ikkje kapasitet til å slå så mykje meir heller. Om me skal drive sjølv, har me ikkje meir tid å ta av. Difor vert det spennande å sjå om framtida vil bestå av småbruk eller større bruk. Eg håpar uansett at me vil klare oss.