Kjenner seg overlaten til seg sjølv

Publisert 06.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

Dagens forskrift for erstatning etter naturskade har lagt ansvaret fullt og heilt over på den skadelidde i å dokumentere alle skadene og søkje om erstatning. Kommunane er sett på sidelina og har lite å medverke med i etterkant av det som for dei innvolverte er svært dramtiske hendingar.

- Det kan sjå ut til at vi har fått ei erstatningsordning som fungerer godt i tilfelle der skadene er mindre, medan grunneigarar som er i ein  situasjon med store og samansette skader fort kan kjenne seg makteslause, seier organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag Merete Støfring.   I naturskadesaker, slik dei vi seinast har erfaring frå i Luster og Jølster, ser vi at regelverket særleg utfordrar dei som treng det mest.   Dei hardast råka med eit stort samansett skadeomfang.. 

Erlend Slåtten orienterer Stortingsrepresentantane frå Høgre om hendinga den 30. juli

Sist veke fekk 6 av Høgre sine Stortingsrepresentantar orientering om hendinga i Jølster den 30. juli 2019.  Grunneigar Erlend Slåtten kunne fortelje om ein dramatisk ettermiddag og kveld.  Ein dramatikk som for deira del ikkje er over då Slåtten og hans familie ikkje kjenner seg trygge i eige hus, og framleis ikkje er flytta heim att på garden.  -  Dette er også ein del av naturskadebiletet, held Merete Støfring fram. Vi som budde på andre sida av elva og slapp billeg unna gløymer fort, medan dette for naboar har sett varige spor som er vanskelege å viske vekk.   Utryggleiken for hus og heim saman med det ansvaret ein er pålagt i å dokumentere og søkje erstatning som ein ikkje kjenner utfallet av krev mykje energi og krefter.  Særleg for bruk som Slåtten der storsamfunnet og staten ved  NGI si utgreiing seier det er trygt, medan dei sjølve ikkje kjenner seg trygge.  - Det var ingen som hadde trudd at det som hende den 30. juli kunne hende her hos oss, held Slåtten fram.  Kvifor skal vi då tru at det ikkje kan skje igjen?

Her finn du videoen som syner den dramatiske hendinga på Slåtten. Utløyst av kraftig torever og regn på slutten av ein flott sommardag

Spora i naturen syner dramtikken, men det er også viktig å hugse på at slike dramtiske hendingar set indre spor som vi ikkje ser i dei menneska som opplever hendingane.  

- Det er umogleg å forutsjå kvar slike hendingar kjem, men at dei kjem er det ikkje tvil om.  Klimaendringane er her allereie held Støfring fram.  Då er det viktig at vi har tryggleiksnett som fungerer.  Naturskadeordninga er eit slikt tryggleiksnestt som vi er svært glade for å ha!   - Vi  opplever det som naudsynt med ein gjennomgong og kanskje ei justering når ein no har hausta noko erfaringar med den nye ordninga.   Til dømes bør det vurderast om kommunane kan få noko meir ansvar i å rettleie og hjelpe grunneigarar som vert råka.    Det er også trong for å sjå på korleis ordninga fungerer for dei hardast råka og med tanke på samordning mellom ulike etatar, dokumentasjon, bruksverdiprinsippet og klagehandtering.  

 

 

 

Skulebesøk i Vik

Vellukka skulebesøk i Vik

Onsdag 30.mai besøkte Tine, Nortura, Felleskjøpet Agri og Sogn og Fjordane Bondelag 9.klasse på Flatbygdi skule i Vik.

Fruktbønder på Leikanger

Stolt fruktprodusent

Me har besøkt fruktbonden Agnar Nornes på Nornes i Sogndal kommune. Sjå video frå besøket her.

Fylkesstyret er tilgjengelege

- Fylkesleiar Anders Felde har fram til 29. juli litt sommarfri frå telefonen. Dei andre i fylkesstyret stiller opp og er tilgjengelege på telefonen etter oppsett som de finn nedanfor. Organisasjonssjefen vil også vere tilgjengeleg.

- Det beste som er

- Det beste som er

Me har møtt Cecilie Nornes på Nornes i Sogndal kommune. Sjå video frå besøket vårt her.

Per Hilleren

- Det var ein overgang

Per Hilleren gjekk av som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag i 2015, men han har framleis timeplanen full.

Våre samarbeidspartnere