I fjor var det Ciderhuset i Balestrand som stakk av med prisen i Sogn og Fjordane, og representerte fylket vårt i den nasjonale finalen i Berlin. Frå venstre: Landbruksdirektør Christian Rekkedal hjå Fylkesmannen, Gard Eitungjerde Høyvik (tok imot prisen på vegne av Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde), Ann Elisabeth Tveit og Tor Holsen (begge Innovasjon Norge). 

                                                                                                                                                     FOTO: Birte Finstad

 

 

Har du starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du vinne 300 000 kroner.

Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.

Dei søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar.

 

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:

  • Bærekraft, her under
    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Miljømessig som  utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp. 
  • Innovasjon/nyskaping

 

Tips gjerne kandidatar du syns fortener prisen, eller meld på kandidatar her.