Askeladdprisen er eit samarbeid mellom Norges Bondelag og Landkreditt, og vert delt ut til unge etablerarar på bygdene. Prisen på kr. 30 000 kan delast mellom to kandidatar, og vert delt ut på Norges Bondelag sitt årsmøte i juni kvart år.

Dette er kriteria:

  • Du må vere under 35 år
  • Du er i ferd med, eller har etablert ny næringsverksemd
  • Du har synt kreativitet og pågangsmot
  • Verksemda di har bidrege til å skape ein eller fleire nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet

Juryen er sett saman av to representantar frå Norges Bondelag, to frå Landkreditt og ein frå Norges Bygdeungdomslag.

-Dette er ein pris til unge bygdegründerar med eit solid konsept, stort engasjement og eit oppriktig ønskje om å utvikle si eiga næringsverksemd både for si eiga og bygda sin del, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

-Vi ser at nytenkning og kreative gründerar er viktig for å skape arbeidsplassar på bygdene. Dette er med på å styrkje grunnlaget for eit landbruk over heile landet, seier styreleiar Knut A. Nordmo i Landkreditt SA.

Prisen har hatt mykje å seie for fjoråret sin Askeladd

I fjor var det Synnøve Galaasen Olsen, ein fersk matgründer frå Trysil, som ville bidra til å syne kva Trysil har og by på av råvarer og opplevingar.

-Askeladdprisen har hatt mykje å seie for Akre Matopplevelser. Det er mange som har fått vite om meg som eg ikkje ville ha nådd hadde det ikkje vore for Askeladdprisen. Det er ei herleg kjensle at fleire har tru på gründerprosjektet mitt. Sjølv om eg alltid har hatt trua sjølv, er det å verte verdsett frå andre eit stort løft for sjølvkjensla, seier Synnøve Galaasen Olsen.

Søknadsfrist 26. april. Prisen vert utdelt på årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer 10. juni. Kven som helst kan nominere. Søknadsskjema finn du her.