- Det blir mellom 15-20 tonn frukt, fortel Aaberge.

Me møter ho ein solfyllt dag i Sogndal.  Ifylgje Aaberge er det moro å drive med epler.  Sjølv om det er travelt til tider, angrar ho ikkje på fruktproduksjonen. 

- Eg syns fyrst og fremst det er veldig kjekt og gjevande. Vidare er det tradisjon, me må jo ta vare på arven etter svigerforeldra mine.

 

 

Viktig med frukt frå Sogn og Fjordane

- Når eg pratar med folk, så ventar dei på norsk frukt. Den kan ikkje måla seg med den utanlandske på smak, fortel ho.

Kor viktig er det at frukta kjem frå Sogn og Fjordane?

- Veldig viktig.

Aaberge fortel at ho og mannen får positive tilbakemeldingar frå folk. Noko som er veldig moro. Dessutan syner det kor viktig det er med lokalprodusert mat, utdjupar ho.  

 

 

Får selt alt

I eplehagen til Aaberge finn ein mellom anna aroma og discovery.

- Det er ingen problem å få selt alt, fyrstesorten går på fruktlaget til Sognefrukt. Vidare sel me litt privat og resten sender me til press. Lerum tek i mot pressfrukt.

Epla frå Sogndal er populære, og  Aaberge vonar det held fram slik i framtida.

- Eg håpar at forbrukaren framleis set pris på den norske frukta og vel den i sesongen framføre den utanlandske.

 

 

Sjå video med Aaberge:

https://www.youtube.com/watch?v=rskKLzTBRDk