Samstyret i bondelaga i Sunnfjord var samla til møte på fylkeskontoret i Førde 1.september. Saklista var lang, og stemninga god. Dette var første fysiske møte på lenge, men i mellomtida har ein helde kommunikasjonen gåande digitalt. Men det gjorde godt å treffast skikkelig. - Ein merkar at det ikkje har vore mange sosiale hendingar siste halvåret. For det er noko eige med å treffast fysisk og ikkje berre sitje heime kvar for seg og kommunisere via ein skjerm eller ein telefon, seier Geir Støfring. Samstyret ser fram mot at ein kan gå i gang med meir aktivitetar for medlemene etterkvart, sjølvsagt i tråd med gjeldande reglar og anbefalingar.