- Me sel heimelaga eplesaft, fortel Halsnes.

Ho fortel at at eplesafta også inneheld pærer. Noko som gjer den naturleg søt, framføre å tilsetje sukker.

- På gode år produserer me opptil 6000 liter og då sel me nesten alt saman.

 

- Fantastisk kjekt

Birte Fossheim er prosjektledar for arrangementet på Leikanger i 2014. Ho tykkjer det er kjekt å sjå så mange stands.

- Det er over 20 stands om me tel med alle. Profilen vår skal vera grønsaker, frukt og anna av haustens grøde.

Ho fortel at dei har ulike typar stands og at dei forsøker å ha det så lokalt som mogeleg.

- Me ynskjer å ha lokale produsentar som sel varene sine. Vidare har me eit godt samarbeid med næringslivet. Forlaget vårt Skald stiller for eksemel ut bøkene sine.  

Kor mange er det som kjem her?

- Eg tippar det er rundt 1000 mennesker innom, seier ein nøgd prosjektleiar.  

 

Gode tilbakemeldingar  

- Det er veldig kjekt å stå her, det er kjekt å sjå kva lokalsamfunnet har å by på, det er kjekt å møte folk og det er moro å få gode tilbakemeldingar seier Halsnes.

Ifylgje Halsnes er det meste positivt.

- Det gjer det litt ekstra kjekt å vera her.