ENGASJERANDE INNLEGG: Ann Kristin Nes fortalde om livet og garden under AgroNordVest 2018. 

 

- Det beste med å vera bonde må vera å få oppretta di eiga bedrift, og sjå at du får det til. Det er veldig inspirerande, samtidig er det kjekt å knyte kontaktar og bygge nettverk. I tillegg er det dette med slektsarven, og føre den vidare. 

For Nes har besteforeldra betydd veldig mykje. Ho har mange gode barndomsminner frå garden, som besteforeldra dreiv då ho var liten. 

- Eg ynskjer å leve eit liv slik besteforeldra mine gjorde. Leve av garden, og skape ei fin atmosfære for dei rundt meg.Eg har gode minner med meg frå barndommen, der me hadde lange frukostar og diskuterte alt me skulle gjere i løpet av dagen. 

 

Mykje arbeid

- Eg ville satse på ammeku fordi eg har jobb utanom garden, tre barn og to bonusbarn. For å få alt til å gå opp freista ammeku mest, med det utgangspunktet me har akkurat no. 

Odelsjenta frå Askvoll fortalde historia si til ein nesten fullsatt sal i Loen, og medan ho fortalde var det heilt stille. Alle ville høyre.

 

Motiverande tilbakemedlingar

- Det var kjekt med dei gode tilbakemeldingane, det var moro at folk likte det dei høyrte. 

Nes seier det er kjekt å inspirere andre, og er opptatt av å formidle at hardt arbeid lønner seg. 

- Eg får tida til å strekke til, men ser ikkje så mykje på TV avsluttar ho.