STORT ANSVAR: For Jonas Haugsbø var det ei spennande veke. 

 

- Det har vore ei kjekk og lærerik veke, fortel Jonas Haugsbø. 

Sjølv om han er oppvaksen i byggefelt på Kyrkjebø i Høyanger, er han fast bestemt på å kjøpe seg ein gard. For han er draumen å bli bonde, og det manglar ikkje på erfaring. 

- I sjette-sjuande klasse byrja eg å hjelpe ein bonde heime. Han har mjølkeproduksjon, og eg lærte mykje av han. 

For Haugsbø har den praktiske veka på Mo vore god læring.

- No har me ikkje hatt skule frå 08.30 - 15.00. Me har hatt ansvar for gardsdrifta heile døgnet. Det er eit stort ansvar å få, men det lærer me veldig mykje av.

 

Ei bra veke

VIL OVERTA GARDEN HEIME : Andreas Dalsbø. 

 

Mens Haugsbø ikkje kjem frå gard, er andre oppflaska med livet som bonde. Men målsettinga er den same.

- Eg har planar om å bli bonde, seier Andreas Dalsbø. 

Han kjem frå Stadlandet, og er oppvaksen på gard. Heime har dei mjølkeproduksjon, ei produksjonsform han har lyst å halde fram med. 

- Eg trur ikkje eg får ta over på ei god stund enno, men når eg tek over vil eg halde fram med mjølkeproduksjon. 

For Dalsbø har den praktiske arbeidsveka på Mo opna fleire dører. 

- Eg har funne ut at det er kjekt å jobbe med sau også. Den biten med lamming er veldig kjekk. Eg har i utgangspunktet lyst til å drive med mjølk, men etter eg kom hit har eg fått augo opp for mykje anna også. Så det kan hende eg kjem til å ha litt sau i framtida, men det blir ikkje ein stor produksjon, fastslår nordfjordingen.

 

Nøgd lærar

STOLT OVER ELEVANE: Lærar Gert Runar Rørvik. 

 

Når elevane har hatt styringa, har lærarane inntatt rolla som rådgjevarar.

- Eg er veldig nøgd med arbeidet elevane har utført, seier Gert Runar Rørvik. 

Han har jobba på skulen sidan 1998, og for han er det viktig at elevane meistrar både det teoretiske og praktiske. 

- Det er viktig at elevane kan jobbe sjølvstendig. Me skal sende frå oss elevar som kan arbeidet. 

- Kva tilbakemeldingar har du fått frå elevane?

- Tilbakemeldingane er veldig positive, det tykkjer eg er både kjekt og motiverande, seier læraren på Mo.