Elevane kom syklande til gardsbesøket. I strålande vær orienterte Magne Selseng om garden, og drifta.

 

Magne syner fram angusen på beite. 

 

Elevane sto på utsida av gjerde og såg på. 

 

Inne hjå sauene var det lamming på gang. 

 

Alt gjekk bra, og elevane fekk sjå eit velskapt lam kome til. 

 

Magne og Jostein Flatland (leiar i Sogndal Bondelag) merkar eit av lamma. 

 

Etterpå fekk elevane kose med kopplamma. 

 

Etter at ein hadde sett på dyra var det klart for ulike aktivitetar. Elevane var delt i tre ulike grupper som rulerte på å gå natursti, hogge/sage ved og rive/sette opp nytt gjerde. 

 

Sogndal Bondelag var arrangørar, og diska opp med pølser til elevane.

 

I strålande sol tok elevane matpause. 

 

8. klassingane åt, hoppa på trampoline og var på huskestativet. 

 

Kjekt på gardsbesøk. 

 

Pausen vart også nytta til å sparke litt fotball. Etter pausen var det tilbake til naturstien, veden og  gjerdet. 

 

Heilt til slutt var det premiering til vinnarane av naturstien. Sidan alle gruppene fekk like mange poeng måtte det avgjerast med loddtrekking. (Foto: Marion Løvik Hauståker).  

 

Dette var ein kjekk dag, med mange gode opplevingar.