Som eit stort Bondelag med god økonomi, har vi gode føresetnader for å kunne gjere eit godt arbeid, men då må vi få til eit større engasjement frå fleire av medlemene,  gjerne i samarbeid med dei andre laga i Sunnfjord seier Grøneng.  

Grøneng er oppteken av at den nye kommunen Sunnfjord prioriterer landbruk og næringsutvikling i landbruket.  Kommunen må snarast råd få på plass ein tenesteleiar på landbruk.  Med 577 søkjarar om produksjonstilskot vil Sunnfjord vere den klart største landbrukskommunen i Vestland.  Dette må også syne att i kommuneadministrasjonen, var den tydeleg meldinga frå årsmøtet i Førde Bondelag.  Landbruket treng dyktige medspelarar både i arbeidet med kommuneplanar og i arbeidet med utvikling av einskildbruka. 

Karin Øverli Grøneng t.v. held fram som leiar i Førde Bondelag. Med seg i styret har ho Terje Hagen, Marion Herland, Øystein Holsen, Svein Erik Hafstad, Ole Andre Sønnervik og Jørgen Naustdal.