Frå eg var lita av har eg lært at tida fram mot jonsok er den beste for å hauste og bruke rabarbra. Når vi var små var det stor stas å plukke ein stilk, rense den og gå på kjøkkenet å spør etter ein kopp sukker. I dag freistar det meir å bruke rabarbra til å lage saft, dessert, muffins etc. 

Når eg spørte mamma etter oppskrift på mat før, fekk eg til min store forargelse alltid beskjed om at ho hadde laga maten "på rus" og ikkje hadde noko nøyaktig oppskrift. Plutselig er eg der sjølv, her kjem ei lita "på rus" oppskrift på rabarbradessert.

Rabarbradessert

Nokon stilkar med rabarbra - rensk evt vask og del opp i små terningar

Jordbær - del i småbitar (eg var så heldig å ha norske jordbær i frysaren). 

Akasiehonning i passelig mengde evt sukker

ca. 1 ss potetmel utblanda i litt kaldt vatn

Del opp rabarbra og jordbær i passe store bitar og ta over i ei panne. Tilsett honning og vatn til det nesten dekkar alt i panna. Kok opp og la det småkoke til det har fått ein mjuk konsistens. Smak til med søtning. Lag til jamninga med potetmjøl og litt kaldt vatn. Trekk panna av plata og rør forsiktig inn. Gje det eit lite oppkok og hell dessert over i ei skål. 

Som tilbehøyr kan eg anbefale Tine sin vanilje Kesam, vaniljesaus eller vaniljeis av norsk mjølk. Velbekomme. 

For andre gode oppskrifter sjekk ut Tine si temaside om rabarbra.