- Kan vi få sjå på avfallet dykkar?

Publisert 12.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

Kvifor kjem eit team av designarar på besøk til Nortura Førde, Bruland Pallefabrikk og Tine Meieri Byrkjelo for å sjå på avfallet deira?

- Vi må ta vare på alle ressursar vi har, og slutte å sløse slik vi har gjort så langt, seier designer Birgitta Ralston frå Design Region Bergen. Ho leiar eit nytt og spanande prosjekt kalla Bioregion Vestland. - Dette er eit designdreve utviklingsprosjekt med mål om å utvikle regionale sirkulære verdikjedar som stimulerar bedriftene på Vestlandet til grøn omstiling. Spørsmålet er korleis kan ein utnytte ressursane vi har på Vestlandet best mogleg, og gjere dei til sirkulære verdikjedar som både er berekraftige og lønsame - og som i tillegg kan lage løysingar som erstattar plastforbruket vårt, seier Ralston.

Prosjektet famnar om tre-, marin- og landbruksnæring, næringsmiddel- og ferdigvareindustri, og skal vere eit eitt-årig forprosjekt som kartlegg regionale forhold og fører til konkrete hovudprosjekt. Med på laget er Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Høgskulen på Vestlandet ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling, Bergen Arkitekthøgskole, Bærekraftige Liv, bGreen og små og mellomstore bedrifter i Vestlandsregionen.

Turen gjekk først til Nortura Førde, der fabrikkleiar Eivind Fonn og Sveinung Søreide tok gruppa med på omvising til produkta dei sit att med utover kjøt-produksjonen. For det er fleire produkt på eit slakteri enn kun kjøtet, her er det ull, innmat, bein, blod, og ikkje minst husdyrgjødsel. Berre i gjødsel leverar Nortura sitt Førde anlegg 500 m3 tørka vare kvart år. - Vi prøver å utnytte ressursane våra på best mogleg måte. Her skal det kastast minst mogleg og det har vi blitt veldig gode på, seier Eivind Fonn.

Eivind Fonn orienterar om dei ulike pluss-produkta dei har på Nortura Førde.

Alt avfall vart studert og dokumentert.

Stablar med ull klar for å gå gjennom klassifiseringsprosessen.

Birgitta Ralston orienterar om prosjektet Bioregion Vestland.

På vegen mot å erstatte plast? Embalasjeprøvar produsert av fiskegelatin.

Frå Nortura gjekk turen vidare til Bruland Pallefabrikk der Sissel Bruland Gurvin gav omvising på produksjonslokala og lagera. Dei sit att med kapp og sagflis som sine biprodukt. Etter lunsj reiste designteamet vidare til Tine Meieri Byrkjelo for å sjå på varestraumen deira.

- Dagen i dag var først og fremst meint som ein kartleggingsdag der ein får oversikt over kva prosessar, utstyr og kva ressursar som ligg hjå dei ulike, samt knyte bekjentskap mellom dei ulike aktørane og designteamet, forklarar Ralston

Med på rundturen var Nortura, Mo og Øyrane Vidaregåande skule, Fjordtømmer, Bruland Pallefabrikk, Sunnfjord Næringsutvikling og Kunnskapsparken. Akkurat det å koble saman personar frå ulike næringar og ulike bakgrunnar er noko av drivkrafta i prosjektet, det er ved å sjå ting med nye auge og frå andre vinklingar enn kva ein gjer til dagen at ein kan komme til nye løysingar.

Pallar i høge stablar hjå Bruland Pallefabrikk, men det var ikkje dette som var mest interessant...

...det var restavfallet som var interessant. Kva kan vi gjere med kappet og flisa for å utnytte det på ein betre måte enn i dag?

Omvising hjå Tine Meieri Byrkjelo. Foto: Ramona Brekkhus

 

Les meir om prosjektet HER.

De kan òg følgje prosjektet på Instagram bioregionvestland

Flott tiltak for yngre bønder i Indre Sogn

- Jammen er eg heldige eg, som fekk lov å innleie for kring 30 unge engasjerte bønder på kveldskurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland

Produksjonsdelinga i norsk landbruk må på agendaen

- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går

Maskinførarkurs 2020

Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Bli med på seniorkurs 18.mars!

Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere