KJEKT: Andreas Bolset set pris på nominasjonen. Han driv med mjølkeproduksjon og har ein kvote på 455 000 liter.

 

- Det er kjekt at ein frå Sogn og Fjordane vart nominert, seier Andreas Bolset. 

Han er stolt mjølkebonde og likar jobben sin godt. Bolset driv i eit nytt og moderne fjøs, som vart teke i bruk i 2014. Der har han 55 mjølkekyr og 55 kviger og kalvar. 

- Livet som bonde er godt. Ein har kanskje litt mindre fritid enn andre, men ein får styre sin eigen arbeidsdag. 

30-åringen er 16. generasjon som driftar garden i Jølster, og han vonar at garden kan vera eit levebrød også for framtidige generasjonar. 

-Å produsere mat er ein viktig jobb. Skulle noko støyte til, er det greit å vera sjølvforsynt med mat. 

 

- Viktig kåring

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Det er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane at Andreas Bolset er nominert. Unge bønder som har trua og som er stolte matprodusentar, er gode førebilder for vidare rekrutering til landbruket. Det seier leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.  

Prisen til årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds og Felleskjøpet Agri. Det er sjuande året prisen vert delt ut, og vinnaren blir kåra under Ung Bonde samlinga i Oslo 12. november.

Kriteria for å få prisen er at ein er bonde under 35 år, er matprodusent, og at ein kan vera til inspirasjon for at andre skal finne vegen til landbruket.

- Dette er ei viktig kåring, og eg håpar at vinnaren i år kjem frå Sogn og Fjordane, seier Felde.  

 

Håpar folk stemmer 

- Folk må bestemme sjølv kven dei skal stemme på, men eg håpar at nokon stemmer på meg seier Bolset. 

Den unge bonden fortel at han driftar garden sjølv, men at han stundom får litt hjelp. 

- Eg har ein nabo som hjelper meg. Dessutan er far min flink til å stille opp. Det set eg pris på. 

 

Ynskjer du å stemme på Bolset, klikk her.