Jørn Arne Vanberg (26) frå Gloppen kommune kan verte årets unge bonde.

- Det er kjekt å vera nominert, fortel han.  

Den unge bonden driv med mellom anna geiter og sau.

- Gamlingen vurderte å gje seg med garden, difor vart eg spurt om å pakte garden eit år.  Etter året var gått,  ville eg drive garden vidare.

Har du angra på det?

- Nei, ikkje ein dag

 

Treng stemmer

For å vinne den gjeve tittelen, treng Vanberg stemmer.

- Det hadde vore kjekt om ein geitebonde kunne blitt årets unge bonde.

Kor viktig er det å vinne?

- vinn eg, så vinn eg.
 

 

Ynskjer du meir informasjon, klikk på linken nedanfor:

https://www.facebook.com/GronnUtdanning/app_296814257123064