Realiteten er at lønsemda allereie er for låg til at bondeyrket kan konkurrere med andre yrke.   Det er ei underleg påstand at ytterlegare auke i inntektsgapet vil gje vekst i produksjonen, held Hilleren fram.  Fylkesleiaren håpar at personane i partiet  verkeleg tek seg tid til å lese notatet og legge seg på minne dei føresetnadene som notatet tek i høve utviklinga.  Eg kan ikkje på nokon måte forstå korleis ein kan konkludere med at dette notatet syner at Høgre sin politikk vil vere bra for matproduksjonen i distrikta.  - Eg vil så gjerne forstå det, men eg får ikkje logikken til å stemme seier ein engasjert og ærleg fylkesleiar.

 

Bondelaget har rekna på kva Høgre sin politikk vil bety for eit gjennomsnittleg  Vestlandsbruk som tek i bruk garden sine ressursar:

 

Referansebruk 19. 21 Kyr Vestlandet

 

 

 

 

2013

Høyre

Endring

Markedsinntekter melk og kjøtt

926417

774668

-151749

Tilskudd

514224

459308

-54916

SUM INNTEKTER

1440641

1233976

-206665

SUM KOSTNADER

1033356

994194

-39162

Driftsoverskudd

407285

239782

-167503

Arbeidsforbruk (årsverk)

1,92

1,92

 

Vederlag til arbeid og egenkapital per årsverk

247142

159718

-87424

 

Tysdag kom NILF-notatet bestilt av Høgre som skal utrekne  verknadene av partiet sin landbrukspolitikk.  Slik det vert peika på i notatet er det Høgre sjølv som har stått for implementeringen av sitt partipolitiske program inn i NILF sine verkty.

Føretsetningane som er lagt til grunn er mellom anna reversering av prosenttoll på ost, nedgang i prisane, kutt i tilskota på 1,5 milliarder og mindre kompensasjon for småskalaulemper.

Resultatet av dette er at både lågare pris, lågare tilskot, samt framtidig inntektsvekst må vegast opp med auka strukturrasjonalisering.  Sagt med andre ord: Bonden får lågare inntekt med mindre han ikkje spring mykje fortare enn i dag og om han byggjer til 60 kyr. 

 

Høgre sitt diskusjonsnotat finn du på Høgre sine heimesider

Her finn du notat med Bondelaget sine kommentarar til  Høgre sitt notat