Nils Magne Gjengedal

 

- Til helga er det ein stor happening for folk som driv med sau i Gjengedalen, for då skal dyra heim.

I fylgje Gjengedal kan alle som ynskjer det, kome til Gjengedalsstølen å sjå på sauesankinga. 

- Om ein likar sjå flotte dyr, er dette ein fin arena til å gjere akkurat det. 

 

Ei oppleving

Sau på Gjengedalsstølen

 

- I år kan ein sjå rundt 600 sau, det er eit fantastisk syn. Det kan ikkje beskrivast, det må opplevast. 

No håpar Gjengedal at folk tek turen. Sauesankinga byrjar på laurdag og held fram søndag. På måndag ventar sortering og veging. 

- Vil ein ha ei fin naturoppleving og sjå mange flotte sauer, er det berre å ta turen.