Akseptabel avtale: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, tykkjer ikkje avtalen er god.

 

- Det er ingen god avtale, men den kan forsvarast.

Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han meinar avtalen er akseptabel. 

- Me har mellom anna fått snudd minus 70 millionar på budsjettet til pluss 100. 

Det betyr at budsettoverføringane vert auka med 100 millioner kroner, som er 170 millionar meir enn i staten sitt tilbod. 

 

Opptur for dei små

Eit av måla før jordbruksoppgjeret var å jamne ut inntektforskjellen mellom dei små og store bruka. 

- Eg er glad for at avtalen kjem dei små til gode, og at dei vil tjene på til dømes mjølkekyr. 

Kva saknar du i avtalen?

- Det er fleire ting. Mellom anna likte eg ikkje at distriktstilskotet på egg var halvert. 

 

- Ikkje meir å hente

Felde hadde håpa på ein bedre avtale, men trur ikkje det hadde vore så mykje meir å hente. 

- Eg er ganske sikker på at det ikkje hadde vore noko meir å hente i Stortinget. Hadde det vore det, hadde me sikkert brote forhandlingane.