Elevane fekk omvisning på kontoret, ved mjølkerobot, i tankrommet og sjølvsagt i fjøsen. Der fekk dei helse på kyrne, kalvane og oksane. Kalvane var den soleklare favoritten, og fekk masse kos. Kalvane sovna godt til på kvelden.Det var òg tid til leik i halmen. 

Elevane vart delt i to grupper og undervegs i omvisninga fekk dei informasjon om arbeidet ved garden, om dyra, om kva som skjer med mjølka. Ungane var nysgjerrige og stilte mange spørsmål. Eit anna tema som vart tatt opp er kva ein kan lage av kyra og mjølka. Dagen vart avrunda med å smake på deilig fløyteis. Elevane fekk med seg hefte frå den grøne skulen til å bruke i undervisninga. 

Spennande å vere inne i bingen til kalvane (Foto: Heidi Ringstad)

Kontakt mellom gut og kalv (Foto: Heidi Ringstad)

Samspel (Foto: Heidi Ringstad)

Spennande å sjå på mjølkeroboten (Foto: Heidi Ringstad)

Kalvane var ein stor favoritt (Foto: Heidi Ringstad)

Mange barnehender klare til å gje kalven kos (Foto: Heidi Ringstad)

Kom då kalven, så kan vi kose med deg (Foto: Heidi Ringstad)

Stor stas for både borna og kalvane med kos(Foto: Heidi Ringstad)

Mykje spannande å sjå i fjøsen (Foto: Heidi Ringstad)

Leik i halmen var kjekt (Foto: Heidi Ringstad)

Jammen er det godt å bli klødd (Foto: Heidi Ringstad)

Kjekt for både dyr og menneske å kunne kose masse (Foto: Heidi Ringstad)