TINE - økonomirådgjevar Johanna Owen som no bur i Innvik, peika på kvalitetane ved å bu i ei lita bygd. Ho er oppvaksen på Hawaii, har budd i ulike land og byar før ho busette seg med familie i Nordfjord.

Utfasing av Jarlsberg -eksport og redusert forholdstal har skapt uro. Men Owen peikar på at det er fleire faktorar som gjer at dei "mørke skyene" ikkje ser så mørke ut lenger. Ho peika også på ulike grep som kan betre økonomien.

TINE - fôringsrådgjevar Runar Haugland fokuserte på moglegheitene. Dei fleste i Hyen må gjere investeringar innan 2024. Og lausdriftkravet slår inn i 2034. Haugland peikar på at det har vore ein jamn og markant auke i investeringsstøtte dei siste åra.

Tilskota til nybygg er no spesielt innretta for å fange opp investeringsbehova på mindre mjølkebruk. Nybygg til ca 6 millionar får maks utteljing. Så moglegheitene for dei i Hyen som vil satse på mjølkeproduksjon har sjeldan vore betre.

Fleire av dei frammøtte er er i "tenkjeboksen", og hadde spørsmål om sommarmjølk, beiting, regeltilpassing og nybygg.

Det var ei nyttig samling.

 

Me takkar Torunn Ommedal Aandstad (leiar i Hyen Bondelag) for både bilder og tekst.