Formålet med kurset var å meistre kunsten bak å kunne marknadsføre seg sjølve, bygge gode kunnskapar om å lande eit sal, samt og få kunnskap til korleis ein skal bygge si eiga merkevare.   Kurset var prega av gode dialogar, praktisk arbeid og vi vart utfordra på ein ny måte til å sjå kunden, bygge relasjonar til både kunden og til andre i bransjen, held Gjelsvik fram.    - Eg trur eg med sikkerheit kan seie at dei fleste fekk seg ei aha oppleving, og at det kokte litt i toppen etter kurset.  Eg veit at fleire allereie er i gang med å bygge opp merkevare og salplassen sin etter idéar dei fekk gjennom kurset. 

For eigen del kan eg sei at det var svært givande og møtast under heilt andre forhald ein normalt og drøfte problemstillingar saman med andre. Ein ser litt klarare ilag, hevdar Gjelsvik.

Nøgde deltakarar på kurs for juletreprodusentar i oktober.  No ventar travle dagar fram mot jul.   Ekte jule = ekte juletre.

Kåring av Norges finaste juletre

Kurset har gitt ein ny giv og glød. Vestnorsk juletre er allereie i gang med eit felles løft for å få fokuset på det ekte juletreet ut til forbrukaren.   Dette gjer vi gjennom lokallags kåringa Norges finaste juletre.   Dette arrangementet vil gå av stabelen  23 november på elvetorget i Førde.  Gjelsvik lovar at engasjementet og kunnskapen dei fekk på kurset i oktober skal brukast aktivt i prossen, slik at vi synast att hos kunden.

Etter kurset verkar det for at medlemmane har fått ny giv og er klare til å møte nye utfordringar på ein god måte, og no går vi inn i høgsesongen for ekte juleglede via ekte juletre, avsluttar Gjelsvik