Jordvern krev at ein tenkjer langsiktig, og at ein ser komande generasjonar sin trong til å produsere eigen mat. Dei siste 50 åra har over i million dekar dyrka eller dyrkbar jord vorte omdisponert til andre føremål i Noreg.

-I Sogn og Fjordane skjer det satsingar på landbruk. Investeringane er store, og krev tilgjengeleg grovfôrareal, seier Oddgeir Aardal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen utarbeidde i 2010 ein strategi for arbeid med arealforvaltning og jordvern, noko som har vore med på å setje fokuset på arealøkonomisering.

223 daa dyrka jord og 26 daa dyrkbar jord vart omdisponert til andre føremål i Sogn og Fjordane i 2012. Dette er innanfor målsetnadane i strategien. 505 daa vart nydyrka. -Nydyrkinga er sjølvsagt avbøtande i høve til omdisponeringar av dyrka jord, men har sin pris, slår Aardal fast. Det er ofte gode areal som vert nedbygde, medan nydyrkinga skjer på marginale område.

Kommunane har ei nøkkelrolle i forvaltning av dyrka jord og kulturlandskap. Gjennom å registrere kommunane sine gode, større og samanhengande areal, såkalla Kjerneområde for landbruk, kan kommunane vere med å leggje eit godt grunnlag for framtidig sikring av det landbruksarealet dei sjølve ser som det mest verdfulle. Erfaringar syner at det er ein fordel å knyte registreringane opp mot kommuneplanen sin arealdel. Der det er press på arelaet vil dette vere eit godt verktøy for prioritering av arealverdiar.

Å registere kjerneområde for landbruk kan leggje grunnlaget for å sikre produksjonsareal for framtida