Både to og firbeinte ventar i spaning på utfallet av årets jordbruksoppgjerKravet skal presenterast for Staten på førstkomande fredag den 27. april, medan staten sitt tilbod er sagt skal kome måndag den 7. mai.  Sidan vert det forhandlingar fram mot 17. mai.

Våren er prega av forventning. I sauefjøsen er det stor aktivitet, og nye lam kjem til verda på løpande band.  På åker og eng skal grunnlaget leggast for ein god vekstsesong, og i politikken sine korridorar skal det leggast eit godt grunnlag for at vi skal kunne ha ein eigen matproduksjon i eitt av verda sine rikaste land.  Det er no vi skal få kjenne det verkelege innhaldet i den nyleg vedtekne Stortingsmeldinga.  Det er dei neste vekene politikarane har høve til å syne med praktisk handling korleis måla om ein auka matproduksjon i Norge skal bli nådd.  Det er no dei styrande skal kome med dei konkrete verkemidlane som legg grunnlaget for matproduksjonen i heile landet.  Vi ventar i spaning :)