- Dette er gledeleg for bønder som har planane klare og som ligg i kø for finansiering hos Innovasjon Norge, seier organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag, Merete Støfring.   No kan dei få sett "spaden i jorda" tidlegare enn om dei hadde måtta vente på finansieringa til neste år.   

 

Jordbruksavtala har følgjande endringar for IBU-midlar til Innovasjon Norge nasjonalt:

Ramme inkl. gjennomføring

Opprinneleg 2017

Ekstramidlar 2017

2018

IBU

574,5

33,0

634,5

Utviklingsprogrammet

90,0

0

102,5

Bioenergi (noko endring frå 2018) 1)

66,0

3,0

66,0

Det er lagt opp til same fordelingsnøkkelen mellom fylka som tidlegare år.    Dette inneber at Innovasjon Norge Sogn og Fjordane vil få ei ramme på om lag 46 mill i 2018, ei auke på om lag 4 mill frå 2017.   Innovasjon Norge kan bruke 20 % av 2018-midlane i år.   Basert på fordelingsnøkkel frå tidlegare år kan Innovasjon Norge Sogn og Fjordane disponere  11 mill hausten 2017 (av dette utgjer 9 mill av 2018-midlane og 2 mill i ekstramidlar for 2017)

Desse midlane vil bli nytta til:    Mjølkeku – omlegging frå bås til lausdrift og til Ammeku

Frå 15. september kan ein sende inn søknader til Innovasjon Norge, om støtte til mjølkeku og ammeku. Sakshandsamar hos innovasjon Norge er Vemund Aartun.