For ein kommune som vår er gardsbruka og tilhøyrande foredlingsindustri og tenesteytande næringar hjørnesteinsverksemder, heldt Ryssdal fram.  - Gloppen kommune utan landbruket vil ikkje vere til å kjenne att.  No er det viktig at det vert gjeve vilkår som kan sikre fordrying av driftsapparatet på dei mindre gardsbruka i kommunen.  Vi har hatt ei positiv utvikling i deler av kommunen, men framleis står det att ein viktig jobb å gjere for å sikre eit framtidsretta driftsapparat inn i framtida.  - Skal vi lukkast med det treng vi betre investeringsverkemidlar som kan gjere dte mogleg å investere i ny teknologi på mjølkebruk med omlag 200.000 liter mjølk.  Dagens økonomi tillet ikkje dette.  Vi må ha ein politikk som er tilpassa terrenget som landbruket skal drivast i, sa ein tydeleg Russdal som fekk klar støtte frå leiar i Breim Bondelag, Anders Felde og prosjektleiar i mjølkeprosjektet Jo Helge Sunde. 

- Vi på Breim driv landbruk i indrefileten av jobruksareal i fylket.  Vi er ikkje representative for store deler av fylket som har annan arrondering og jordsmonn enn her.  Det er ikkje mogleg å byggje så mange fleire store samdrifter i fylket, og av den grunn treng vi å styrke investeringsverkemidlane for dei mindre einingane.  Det vil vere avgjerande for om Sogn og Fjordane skal kunne oppretthalde og styrke produksjonen av mjølk i fylket, og det reknar eg med at Landbruks- og Matministeren vil at vi skal.  Taket på tilskot må kraftig hevast skal vi kunne sikre økonomi i utbyggingar med kostnadsramme 6-7 millionar som gjerne vert prisen også for mindre utbyggingar i mjølkeproduksjonen, avslutta Felde.

 Ola Kongsvik og Anders Felde i samtale med Landbruks- og Matminister Trygve Slagsvold Vedum