Tilbakemeldingane er gode på dette noko meir uformelle møtet med stor grad av sosialt tilsnitt, held Brekke fram.  Dette var lokallaget sitt første forsøk på denne typen møte og ut frå tilbakemeldingane så vert det ikkje det siste.  

Merete Støfring deltok frå fylkeslaget med ei kort innleiing om nokon gleder og utfordringar ved jordbruksoppgjeret 2019.  Ho hadde også laga ein quiz i form av ein Kahoot som veterinæren i møtet gjekk sigrande ut av :)

I innkallinga hadde møtet fått tittelen Jordbruksoppgjeret 2019 - ei sosial hending med undertittel "Pub og pizzakveld på Lavik Fjordhotell"  :)  Pizzaen var god og praten gjekk livleg kring borda.  Dette er ei møteform eg gjerne kan tilrå andre lokallag avsluttar leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke.