Auke for mjølkeprodusentane

Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. Mjølkeprodusentane fekk auka jordbruksinntekta si med 14 prosent frå 2014 til 2015, og fekk i gjennomsnitt kr 300 000 per årsverk i jordbruksinntekt. Mjølkeproduksjonsbruka i driftsgranskingane på Vestlandet viste større investeringsvilje i 2015 enn året før. Nettoinvesteringa vart tredobla, og var på kr 329 400. Også rentekostnaden auka på desse bruka.

Mjølkeproduksjon i kombinasjon med anna husdyrhald, er vanleg på Vestlandet. Også bruka som driv mjølkeproduksjon i kombinasjon med sau eller svin oppnådde auke i jordbruksinntekta frå 2014 til 2015, men ligg nokre tusen lågare enn bruka med rein mjølkeproduksjon.

 

Sau- og storfekjøtproduksjon hadde lågast jordbruksinntekt

Sauebruka på Vestlandet fekk auka jordbruksinntekta si for tredje år på rad, men ligg framleis lågt. I gjennomsnitt vart jordbruksinntekta på kr 166 500 per årsverk, ein auke på 2 prosent frå 2014.

Kjøtproduksjon på storfe, var den driftsforma som fekk lågast jordbruks­inntekt av dei presenterte driftsformene, med kr 144 200 per årsverk i 2015. Det er ein nedgang på 15 prosent frå året før.

 

Frukt- og bærproduksjon er den driftsforma som har størst variasjon i jordbruksinntekta mellom år. I 2014 oppnådde dei den høgaste inntekta av alle driftsformene på Vestlandet, men fekk ein nedgang på 37 prosent frå 2014 til 2015. 2015 vart eit særs dårleg fruktår på Vestlandet, med låge avlingar, utan at prisane vart høgare enn året før. I alt vart jordbruksinntekta på kr 231 500 per årsverk for desse bruka i 2015.

 

Høgare investeringar enn landsgjennomsnittet og aukande gjeld

Vestlandsbruka hadde høgare investeringar enn landsgjennomsnittet i 2015 med kr 208 700. Gjennomsnitt for landet var kr 127 800. Samla gjeld auka med 14 prosent for vestlandsbonden, og var på 2,3 mill. kr i middel per bruk.

 

Les meir om driftsgranskingar i jordbruket her.