Landbruket la fram eit krav på 1,45 milliardar kroner, og staten kom med eit tilbod på 410 millionar. Det skuffa Felde. Spesielt skuffande var det for fylkesleiaren å sjå at Regjeringa ikkje vil fylgje Stortingsfleirtalet. 


- Dei syner absolutt ikkje noko vilje til å fylgje opp Stortinget sin vedtekne landbrukspolitikk. Stortinget har eit mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Då er det provoserande at Regjeringa svarar med eit tilbod med lågare innteksvekst. 

 

Vil ha løft på Vestlandet

- Kravet me leverte var eit målretta og naudsynt løft for Vestlandsbonden. I våre områder går store areal ut av drift. I tillegg ligg Vestlandsbonden bak resten av landet når det gjeld inntektsutvikling. 


I tilbodet frå Staten ser ikkje Felde att noko av det kravet la til rette for. 


- Me ser ikkje noko løft av Vestlandsbonden. For dei fleste som driv med sau og mjølk i Sogn og Fjordane, legg tilbodet til rette for eit null-oppgjer eller dessverre eit minus-oppgjer. 

 

Utfordrande forhandlingar

- Me er ikkje einige i fordelinga og tiltaka som staten kom med i tilbodet sitt. Dei føreslår  store endringar og omfordelingar.


I fylgje Felde kuttar Regjeringa alle midlar til beiting av kulturbeiter, og flyttar det over på utmark. For storfebøndene vil det føre til inntektsnedgang, då utmarka i delar av Sogn og Fjordane ikkje er god nok til beiting. 


- Vi treng å produsere meir mjølk på sommarstid, og for dei fleste mjølkebønder er det då ikkje mogleg å nytte utmarka i vesentleg grad. Regjeringa vil også auke kraftfôrprisen. Dette er vil slå hardt ut for kraftfôrkrevjande produksjonar, i vårt fylke gjeld det gris og eggproduksjon.


Kva tenkjer du om forhandlingane?


- Dette vil fyrst og fremst handle om inntektsutvikling og å få på plass budsjettmidlar, fastslår Felde.  

 


Årets jordbruksforhandlingar skal vere avslutta til måndag 15. mai.