LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Grunna koronasituasjonen blir det forenkla jordbruksforhandlingar i år, fortel Anders Felde.

Sidan det ikkje ligg eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling, vil forhandlingane bli forenkla.

- Gjeldande jordbruksavtale gjeld fram til 1.juli 2020, og det må difor fastsettast nye målprisar. Det er viktig for å kunne gje bonden tryggleik for framtidig produksjon.

 

Raskare tidsløype

- Tidsløypa vil vera annleis i år, seier Felde. Grunna den uoversiktlege situasjonen og behovet for avklaringar fylgjer me ikkje den normale tidsløypa avsluttar han.

 

Les meir om jordbruksoppgjeret 2020 her.