Marie fortel at Jonsok eller Sankthans er ein gamal festdag, som i dag er blitt ei blanding av kristne og hedenske tradisjonar. Det er ei blanding av feiringa av døyparen Johannes, og gamle fruktbarhetsrituale for å sikre gode avlingar på hausten. 

Bålbrenning er den mest kjende tradisjonen. Det var viktig med bål som var store og som syntes heilt fram til andre bålplassar i bygda. Frå gamalt av trudde ein at det kring vår- og haustsolverv var mykje onde krefter ute. Ein brukte bålbrenning som ein måte å skremme desse kreftene vekk. 

Vidare fortel Marie at Jonsokfeiring er ein samlingsfest for bygda/grenda. Ein samlar seg, et gode mat og drikk god drikke. Det var vanleg med rømmegraut som mat, då dette var eit festmåltid. Mattradisjonane har endra seg noko, og det er i dag like vanleg med grillmat på desse tilstellingane. Det var vanleg med dans og leik, til dømes ulike sangleikar. Av gamalt av var 24.juni ein fridag, og i Vestfold var det ein fridag heilt fram til nyare tid. 

Jonsokbrudeparet er for mange ein kjent tradisjon. Marie kan fortelje at dette er ein tradisjon som er særleg utbredt på Vestalandet. Var truleg knytt opp til leikane som var vanleg denne dagen, og i starten var det vanlegast at det var ungdom/vaksne som var brudeparet. I seinare tider ser ein ofte at det er borna som får vere jonsokbrudepar. Detter er framleis ein skikk som er i bruk. 

Skal du brenne bål i dag? Her finn du tips til trygg bålbrenning. 

Ynskjer alle ei fin jonsokfeiring!