På torsdag 14.november får vi besøk av Jens Kihl på leiarmøtet på Thon Hotel Jølster. Kihl skal ta tilhøyrarane gjennom temaet "korleis kan distriktskommunane i Vestland komme styrka ut av regionreforma/kommunereforma - sett i lys av valet 2019?".

Jens Kihl er oppvaksen i Ullevål Hageby i Oslo, og er ein norsk journalist og målmann. Kihl var leiar i Norsk Målungdom i perioden 2007 - 2009 og har tidlegare vore politisk aktiv med mellom anna lokalpolitiske verv, som tilsett i SV, samt vore medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. I 2017 vann Jens Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for sin bruk av nynorsk i Klassekampen. Frå hausten 2018 har han jobba i Bergens Tidende som politisk kommentator og dekkar i hovudsak det politiske biletet innanriks.

Kihl er for tida aktuell med boka "Dette er også Noreg - kommunal feelgood", ei bok der han tek føre seg kommunesamanslåingane i Noreg. Kihl har reist på kryss og tvers i landet for å finne svar på spørsmålet om kommunereforma er i ferd med å rasere det som er bra med landet vårt, eller om det er vegen å gå for å sikre gode lokalsamfunn for framtida?

Vi gler oss!