Dei fleste dyra har blitt sanka heim frå beite og på Nortura i Førde er sesongarbeidarane og tilsette i full sving med å ta unna slaktelamba. Innan utgangen av veke 40 reknar dei med å ha hatt ca 60 000 dyr gjennom anlegget. Sesongen kjem til å vare til ut i midten av november.

- Sesongen i år har vore noko annleis enn tidlegare år, då vi har hatt eit mykje jamnare trykk. Tidlegare år har det pleidd å toppe seg med leverte dyr i  veke 37-39, men i år har det vore mykje jamnare, seier fabrikksjef Eivind Fonn då vi ringjer han for å høyre korleis sesongen har vore så langt.

Årsakene til dette kan vere mange, men Fonn nemner blant anna veret i september som ei årsak. - Enkelte plassar i fylket har det vore dårleg ver og vanskelege sankeforhold så det er nok ikkje alle som har fått dyra heim endå. Andre igjen har ikkje hatt optimale beiteforhold og vel å halde tilbake dyra lenger, seier Fonn. - Vi ser òg at det blir meir vanleg å drive med "plukkslakting", altså å plukke ut dei slakteklare lamba og sende dei først for så å fôre opp dei som ligg litt etter og sende dei seinare.

Korleis er kvaliteten så langt i sesongen?

- Når ein ser på gjennomsnittet, leverar bøndene i fylket like godt som dei alltid gjer. Vekt, kjøttkvaliteten og fettprosenten ligg på same nivået som tidlegare år. Vi ser at det er ein reduksjon i volum i år, så vi håpar å få solgt mest mogleg og ha god balanse i marknaden i år, seier Fonn.

Kva er din favorittrett med lammekjøt?

- Dei siste åra har eg blitt meir og meir glad i fårikål. Det var ikkje favoritten då eg var ung, men no står det oftare og oftare på middagsbordet, seier Fonn.

Sauesanking i fjella over Årdal.